1 finnerixveggen
    Veggen



    Krig og knulling. Farssakn og morsbinding. Krig og boblebad. Pink Floyds ”The Wall” har stått som ein påle i over tretti år. Heilt til no. For jaggu har ikkje populærorkesteret Finn Erix tatt til å interessere seg for materialet. På godt og vondt. Mest på vondt. Med nærmast kirurgisk presisjon dissikerer dei Pink Floyd sitt monster av eit album. Kva betyr det eigentlig å bygge ein mur i våre dagar? Går det an å ha ein mur inni seg? Må ein søke kommunen om å føre opp ein indre mur? Og kan ein leige inn polske murarar til å utføre arbeidet? Dette er oppsetninga som Roger Waters umulig kan ha sett for seg, sjølv ikkje i sine verste mareritt. Dette er Pink Floyd som har bytta ut syre og LSD med kaffi og kake. In The Flesh? O, yes, baby! Is There Anybody Out There? Ja, tre menn i raud velurdress.

    Til å gjøre sin heilt eigne versjon av VEGGEN får Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Odd Erik Lothe drahjelp frå eit stjernelag av artistar, inkludert eit par som nesten har vore på ein Pink Floyd-konsert.

    LAURDAG KL. 20.00



    < Tilbake

    Katalog 2017

     

    Katalog 2017