img 9020
    Festivallaurdag



    Dagen held fram med mykje forskjellig. Det blir samtale om lakseoppdrett og havmiljø på Iris. Vi møter Anne Oterholm til samtale om den ferske boka Løgnhals, og Fredrik Hagen intervjuar symposie-debutant Gunnar Staalesen om detektivar.

    Få med deg Heidi Skjeseth om Trump og løgnen som forandrar kulturen, og gratis utekonsert med eminente Microbandet. Vi skal innom diktatorlitteratur med amerikanske Daniel Kalder og kunstnar Morten Traavik, og på Trolltunga hotel blir vi kjend med 100 hardingar på 50 minutt.

    Svenske Lena Andersson har tatt turen frå søsterlandet og er å finne i samtale med Marit Eikemo om heimen i det skandinaviske samfunnet. Det blir ny runde talkshow og Hallo Odda! om kvelden, etterfulgt av ei forrykande Miss Tati på Iris.

    < Tilbake

    Katalog 2018

     

    Katalog 2018