TUVA SYVERTSEN

Tuva Livsdatter Syvertsen (fødd 1983 i Oslo),  er ein norsk musikar og hardingfelespelar. Ho er best kjend som felespelar, vokalist og frontfigur i musikkgruppa Valkyrien Allstars, der ho spelar saman med Ola Hilmen og Erik Sollid.

Valkyrien Allstars har gitt ut fire album, siste utgjeving: Farvel Slekt Og Venner (2014). Syvertsen har og delteke på ei rekkje andre innspelingar med musikalske samarbeidspartar som Rannveig Djønne, Aasmund Nordstoga, Rita Engedalen og DumDum Boys, for å nemne nokon.

I 2010 var ho med i TV 2-serien Det store korslaget der ho røyk ut i 3. episode av programmet. Hausten 2012 deltok ho i programmet Stjernekamp på NRK1 og kom heilt til finalen der ho tapte for Rita Eriksen.

 

Tidligere program

TUVA SYVERTSEN
Foto: Henrik Brattli Vold / NRK

Katalog 2018

 

Katalog 2018