NILS-ØIVIND HAAGENSEN

Nils-Øivind Haagensen er ein norsk forfattar, redaktør og forleggar. Han vart fødd i 1971 i Ålesund, og bur no i Oslo. Han har hovudfag i litteraturvitskap.

Haagensen debuterte med diktsamlinga Hender og hukommelse  i 1998, og har sidan gitt ut ei rekkje diktbøker, romanar og reisebøker.

Samlingane 23 dikt om kvinner og menn og en desperat forklaring (2002), Enkelte dikt (2003) og Nils-Øivind Haagensen skriver (2005) vart i 2005 gitt ut i dikttrilogien Adressebøkene. Diktsamlinga Haruki og jeg (2010) er ein tenkt dialog mellom Haagensen og den japanske forfatteren Haruki Murakami. For diktsamlinga God morgen og god natt (2012) vart Haagensen nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han har og gitt ut to romanar: Det radioaktige (2001) og Liten (2013).

Haagensen fekk i 2004 SULT-prisen for sitt forfattarskap.

Haagensen og Bendik Wold starta i 2008 opp Flamme Forlag, der dei to skribentane er forlagssjefar og redaktørar. Flamme Forlag har etter 6 år etablert seg som ei spanande stemme i den norske bokverda, med sine pamfletter, boksinglar, kortromanar og essay. I januar 2009 gav Wold og Haagensen ut essaysamlinga Brenn ned skiten, eit slags politisk-litterært manifest for sitt eige Flamme Forlag.
 

Tidligere program

NILS-ØIVIND HAAGENSEN

Katalog 2018

 

Katalog 2018