MORTEN TRAAVIK

Morten Traavik (1971) er ein norsk regissør og kunstnar som arbeider innanfor eit breiddt spekter av sjangrar og metodar.
 
Traavik har blitt kjend for sine kontroversielle kunstprosjekt, særskilt for prosjektet ”Miss Landmine” i Angola og Kambodsja, kor han arrangerte missekonkurranser for mineskadde kvinner. Han har ikkje minst vore omdiskutert for sine ulike samarbeidsprosjekt i Nord-Korea, kor han som ein av få vestlege kunstnarar har fått tilgong til innsida av det diktatoriske regimet. Mellom anna har han fått det jugoslaviske rockebandet Laibach til å spele konsert i Pyongyang. Under Festspillene i Bergen i 2014 sette han opp forestillinga Kardemomyang med nord-koreanske barn, ein programpost som vakte debatt i avisene. Traavik kallar sjølv praksisen sin for hyperteater, ein form som søker å utfordre strukturar innanfrå, snarare enn utanfrå. Prosjekta hans er støtta av Kulturrådet.
 
Traavik har også skrive boka Djevelen er en fallen engel (2013) om bistandskulturen og erfaringane frå kunstprosjekta i Afrika.
MORTEN TRAAVIK
Foto: Foto: Dmitrijs Suļžics

Katalog 2017

 

Katalog 2017