MARI KVIEN BRUNVOLL

Mari Kvien Brunvoll (fødd 1984 i Molde) er ei norsk sangerinne og electronica-artist. Ho voks opp på Harøya i Møre og Romsdal, men er no busett i Bergen. Mari har vekt merksemd med sine heilt særeigne soloprosjekt, der stemma er akkompagnert av små elektroniske og akustiske instrument, med klare inspirasjonar frå jazz, pop og folkemusikk.

Ho vart uteksaminert fra Griegakademiet i Bergen i 2010, og vann Vitalprisen på Nattjazzen 2009. Hennar første opptreden på Moldejazz var i 2010, der ho presenterte sitt soloprosjekt, som seinare har fått strålande kritikk, gjennom konsertar på Nattjazz, Moldejazz, og på ei rekkje jazzklubbar rundt i Europa. Som student ved jazzlinja på Griegakademiet var ho norsk representant på den internasjonale 12 poeng festival i Stavanger 2010.

Bugge Wesseltoft plukka ut "den svært talentfulle" Brunvoll som ein av tre lovende musikarar, til ein artistpresentasjon på Bylarm 2010, og spelte og ein dobbeltkonsert med ho i Amsterdam i 2009. Brunvoll mottok Vozzajazzprisen i 2011. Brunvoll saman med Mats Eilertsen kvartett, Stian Westerhus, og Randi Tytingvåg Ensemble, var bidragsytarar på den internasjonale jazzfestivalen Jazzahead i Bremen 2011. Saman med gitarist Stian Westerhus og saksofonistane Karl Seglem og Frey Aagre, fekk hun stønad frå Norwegian Jazz Launch i 2011, og sang og spelte saman med Terje Isungset på North Sea Jazz Festival i Rotterdam 2012.

Tidligere program

MARI KVIEN BRUNVOLL

Katalog 2018

 

Katalog 2018