ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

JO STRAUBE

Jo Straube (fødd 1983) er ein norsk fotograf med mastergrad i fotojournalistikk.  

Straube har jobba for mange leiande aviser og magasin, m.a. Dagbladet Magasinet, Dagens Næringsliv, Bergens Tidende, New York Times og Politiken. Han har vunne fleire priser, og har dei siste åra jobba ein del utanlands og levert reportasjar om alt frå regnskogforvaltning i Brasil, kurdisk oljerikdom i Irak, gruvearbeidarar i Sør-Afrika til geriljakrig i Myanmar.

Dei siste åra har han reist land og strand rundt og besøkt over 200 bibliotek i landet, med dokumentasjonsprosjektet «Det norske biblioteket». Straube har portrettert bibliotekarar og brukarar, bygningar og innemiljø med kjærleik, humor og alvor. På sitt særeigne vis har han fanga heile Noreg gjennom kameralinsa. Straube tek oss med til blant anna verdas nordlegaste folkebibliotek, nedleggingstrua filialar, bokbåten Epos, arkitektonisk vellykka bibliotek, men syner også menneska som arbeider og brukar biblioteka. Reisa frå bibliotek til bibliotek har gjort det tydeleg for Straube at det er langt mellom festtalar om biblioteket til kvardagen på eit lite bibliotek i Utkant-Noreg, men også kva eldsjeler kan utretta og bety for andre menneske og heile samfunn.

«Det norske biblioteket» kjem no ut både i bokform, og som utstilling, og vi er glade for å presentere Det norske biblioteket som symposieutstillinga 2017.

Prosjektet kan følgast på www.detnorskebiblioteket.no
 
 
 
jo%20straube