GUNNAR STAALESEN

Gunnar Staalesen (fødd 1947 i Bergen) er ein norsk forfattar og Bergen sin store kronikør.

Han er utdanna cand.philol. med faga engelsk, fransk og litteraturkunnskap.

Han debuterte litterært i 1969, 22 år gamal, med romanen, «Uskyldstider». Forfatterskapen omfattar både romanar, skodespel og barnebøker, men det er først og fremst som krimforfattar Gunnar Staalesen er kjend.

Bøkene om privatdetektiv Varg Veum er gjeve ut i 18 land, m.a. Frankrike, England, Tyskland, Italia, Russland og Polen, og fleire av bøkene er filmatisert for kino og TV. I åra 1997–2000 gav han ut ein trilogi om Bergen gjennom det førre hundreåret, ein romanserie som óg vart dramatisert og oppført ved Den Nationale Scene i 2002.

Gunnar Staalesen har fått fleire prisar for sitt forfattarskap.
 
GUNNAR STAALESEN
Foto: Helge Skodvin

Katalog 2017

 

Katalog 2017