ESPEN STUELAND

Espen Stueland (1970) er ein norsk lyrikar, essayist og litteraturkritikar.

Han bokdebuterte i 1992 med diktsamlinga Sakte dans ut av brennende hus , og har sidan gitt ut sju bøker. Han er bokmeldar i Klassekampen, har vært redaktør av litteraturtidsskriftet Vagant, og vart i 2005 kåra til Årets litteraturkritiker.

Stueland fekk Halldis Moren Vesaas-prisen i 2003.

Brått revet bort (2006) er ei samling prosatekstar. Den kritikarroste Gjennom kjøttet. Disseksjonen og kroppens kulturhistorie (2009) er eit enormt essay om disseksjonens historie og kroppens betydning for kulturhistoria.

Falsk tilståelse og andre essays (2013) er ei rik samling med tekstar skrive over ein periode på 19 år. Stueland sine essay tek utgangspunkt i røyndomen og litteraturen, og handlar om så vidt ulike tema som manipulering av tilståingar og avhørsprotokollar, volden i språket, gravdiktets funksjon, samtalar med dei døde, og gledene og sanselegheita i litteraturen.

ESPEN STUELAND
Foto: Cato Lein

Katalog 2017

 

Katalog 2017