BJØRN OLAV JAHR

Bjørn Olav Jahr (fødd 1969) er ein norsk forfattar, journalist og forlagsredaktør.
Jahr er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo, og har arbeidd som journalist i m.a. Kapital, Dagbladet og Memo. I 2002 vann han SKUP-prisen, norsk presse sin pris for fremragande undersøkande journalistikk, for opprullinga av Finance Credit-saken. Hausten 2005 gav han ut boka «Smarte skurker – grådige gubber … historien om Finance Credit».

Hausten 2007 var Jahr redaktør for Kari Breirems «På BA-HR-bakke ... en varslers historie», ei bok som tok utgangspunkt i den såkalla Tore Tønne-saka.

Våren 2009 gav han ut boka «Rus og Rolex … historien om en narkoman i hvit snipp», i samarbeid med Olaf Olsvik. I 2015 gav han ut «Hvem drepte Birgitte Tengs? En kriminaldokumentar om Birgitte-saken» og hausten 2017 gav han ut «Drapene i Baneheia. To historier. En sannhet».
 
 
 
BJØRN OLAV JAHR

Katalog 2017

 

Katalog 2017