Litteratursymposiet og Salongen ynskjer velkomen til ein kveld med rå, triste, ærlege, morosame, og ikkje minst sanne fortellingar.
Salonghistoriekveld spring ut frå radioprogrammet Salongen på NRK P2. Dei som jobbar i Salongen på NRK P2 tok seg stadig i å grine og le av historier frå den amerikanske podkasten The Moth. Deira prosjekt heiter: True stories, told live. Dette må vi kunne gjere her òg tenkte dei, sjølv om nokre påsto at i Noreg snakkar vi berre om kva vi jobbar med.
Forfattarar og lokale heltar deler sanne historier.
Har du ein historie du vil fortelje? Ta kontakt med oss på litteratursymposiet (a) gmail.com