LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2020

8. - 10. oktober

ARBEIDARROMANEN
BIKUBEGANG
DET ESSAYISTISKE UNIVERS
DØDEN
EIN KVELD MED TORE RENBERG
GARASJELAND
HALLO ODDA
KONSERT: FORENINGEN FOR BY OG BYGD
KONSERT: KRÅKENE
KONSERT: ODDA STORBAND
KVARDAGSSTEIN
KVINNEKROPPEN
LESESTUND
LITTERATUR PÅ LOFFEN
LITTERÆR KRAFTSTASJON
NYLIBERALISMEN OG MENNESKET
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
RO/URO
SENTRALBADET POESI
SLEPPFEST FOR No. 15
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SmåSymp - HEAVYKATTEN
SNIKKIKK JONDAL
SNIKKIKK KINSARVIK
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS
STØR OG SJAMPANJEBRUS - BONUS
TEKSTALLIANSE - LITTERATURPOLITIKK
TEKSTALLIANSE - LITTERATURØKONOMI
TEKSTALLIANSE - NOBELS LITTERATURPRIS
TERAPIGANG
U-BAR
UTROSKAP

Katalog 2020

forside%20katalog2020

ISOLASJON OG SAMHALD

Beate Grimsrud, Ida Hegazi Høyer og Eivind Hofstad Evjemo om åleineliv og fellesskap. Ordstyrar: Fredrik Hagen.

Eivind Hofstad Evjemo skreiv kollektivromanen Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet, som enda opp som den store Kommuneromanen. Den er eit samfunnsnysgjerrig gruppebilete av menneska (rektor, kultursjef, støttekontaktar, ungdomane, sjukepleiarane) som bind kommunen saman, ofte utan at dei sjølve kjenner eit samhald.
I bøkene til Ida Hegazi Høyer er ønsket og behovet om å isolera seg sterkt. Karakterane hennar søker aktivt utanforskap: ei kvinne bur åleine i ei hytte i skogen, eit ungt par lukker seg inne i si eiga boble, andre drar til øde øyer åleine. I intervju snakkar Ida stadig om åleinetid og korleis ho absolutt ikkje kan forstå korleis folk kan leve utan å vere åleine. 

Beate Grimsrud er sjølv singelbuar i Stockholm, byen der ein finn flest einmannshushaldningar. Det gjer òg dei fire skikkelsane vi møter i hennar siste roman, Evighetsbarna. Dei prøver å forstå kva det inneber å vere vaksen, og kastast mellom sterk samhørigheit og tung einsemd gjennom ein vinter og ein vår.
Ordstyrar er Fredrik Hagen. 
 

Venue

100

Dato og tid

fredag 14. oktober kl. 13:00

Medverkande

ISOLASJON OG SAMHALD