BJARTE BREITEIG

Bjarte Breiteig (fødd 1974) er ein norsk forfattar frå Kristiansand. Han studerte fysikk ved NTNU i Trondheim i to år før han begynte på litteraturvitskap (UiB), og deretter på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Breiteig er av mange utropt til ein av dei viktige yngre litterære stemmene frå det siste tiåret. Han har vore rekna som ein av landets beste novelleforfattarar med samlingane Fantomsmerter (1998), Surrogater (2000) og Folk har begynt å banke på (2006). Breiteig har fått fleire priser for sine noveller: For debutboka fekk han Aschehougs debutantstipend, i 2000 vart han nominert til Brageprisen, i 2004 fekk han Anders Jahres pris for yngre kunstnarar, og han er tildelt Mads Wiel Nygaards legat 2006.

I 2013 gav han ut den korte, personlege og uhøgtidelige reiseskildringa Île Sainte-Marie (Flammesingel).

Med fjorårets utgjeving, Mine fem år som far (2014), debuterte Breiteig som romanforfattar. Boka handlar om ein kjærleg familiefar som vert skulda for overgrep av barn. Breiteig teiknar eit portrett av ein mann full av kjærleik, men med eit mørke i seg som sjeldan har vore skrive om i norsk litteratur. Boka fekk svært god kritikk, og vart nominert til P2-lyttaranes romanpris.

 

Tidligere program

BJARTE BREITEIG
Foto: Oda Berby

Katalog 2018

 

Katalog 2018