OPNING FOTOUTSTILLINGA: TRANSIT

Fotograf Espen Rasmussen i samtale med Frode Grytten. Trygve Skaug speler "Nouraddins Vise".
TRANSIT er ei utstilling om menneske på flukt. I seks år har fotograf Espen Rasmussen reist i spora deira, fylt med krig og frykt, men òg håp og vilje. Han har følgt spora til flyktningleiren i Kongo, til jordhytta i Bangladesh, til slummen i Colombia og til den nedlagde barnehagen i Georgia. På desse stadene fekk han høyre historiene deira.
Han har møtt 20 år gamle Mustafa Rashid Hassan frå Somalia, som svømte alt han kunne frå ein båt i Aden-bukta, medan 40 av flyktningane drukna bak han. Han har møtt 25 år gamle Hategekimana Zabayo frå DR Kongo, som driven av svolt bestemte seg for å vende tilbake til landsbyen han flykta frå for å leite etter bananer. Blant trea hadde opprørarane gøymd seg. Dei angrep Hategekimana med macheter, medan han flykta for livet gjennom jungelen.
Han har sett fortvilinga til menneske på flukt frå krig, forfølging og fattigdom. Men han har og sett deira styrke og tru. I Georgia drøymer dei om en dag å komme heim til frukthagane sine.

Han har høyrd latteren til hundrevis av born og sett hjelpeorganisasjonar som gjev utdanning og helsestell, sørger for at dei har eit tak over hovudet og mat å eta. Det er dette som gjev meining for dei 43,2 millionar menneska som i dag er på flukt. Trua på at ein krig vil ta slutt, at overgriparane snart skal bli tatt eller at eit regime vil bli erstatta.
Han har oppsøkt område med millionar av fordrivne, reist til land som mange har gløymd. Når nyheitsinnslaget på fjernsynet er slutt, held desse menneska fram i liva sine. Menneske på flukt er inga umiddelbar katastrofe, men ein tragedie som utfoldar seg kvar einaste dag, år etter år.
Samfunnet og politikarane sin mangel på vilje og handling, gjer at verda har det høgaste flyktningtalet på ti år. Alt for mange er overlatne til seg sjølv, med eigne myndigheiter som tilskodarar til overgrep og drap. I utstillinga ( og boka) får du høyre og sjå historiene deira.

Han har følgt i desse menneska sine spor. Og det er desse spora dei ein dag vil følge heim igjen.
 

Dato og tid

onsdag 12. oktober kl. 13:00

Sted

CYANAMIDEN

Medverkande

OPNING FOTOUTSTILLINGA: TRANSIT

Katalog 2018

 

Katalog 2018