FOTBALLDEBATT

Forfattarar og fotballfolk møtest!

FOTBALLDEBATTEN fredag kveld har etter mange år blitt ein institusjon på symposiet. Her møtes fotball-folk og fotballinteresserte forfattarar til ei uhødtideleg samtale, med pauseunderhaldning og øl. 

Årets tema: Fotball som kjelde til smerte og glede. 

Er du ein puritanar, ein som finn glede i å sjå fotball, utan å bry seg om kven som vinn, eller ein partisaner, som kan få dagar og veker øydelagd dersom favorittlaget taper, men også løftast opp i skyene av ein seier? 
Uttrykka stammer frå den britiske filosofen Stephen Mumford. Han var blodfan av Sheffield United i fleire år. Så fann han ut at det var betre å vere distansert tilskodar, det vart for mykje smerte. 
På symposiets fotballdebatt delast historier om fotballopplevingar som har gitt oss smerte og glede. Vi skal dvele ved kva det er ved kampen om ballen som kan skape slike sterke reaksjonar.

Målvaktsfilosof Øyvind Kvalnes møter kaptein på forfattarlandslaget i fotball, Eirik Ingebrigtsen, og forfattar og pensjonert fotballspelar Beate Grimsrud i Fotballdebatten. Symposiets faste fotballmoderator Davy Wathne styrer skuta.

Dato og tid

fredag 14. oktober kl. 21:00

Medverkande

FOTBALLDEBATT

Katalog 2018

 

Katalog 2018