ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

TRUDE MARSTEIN

Trude Marstein (f. 1973) er oppvaksen i Tønsberg og bur i Oslo. Ho har grunnfag i pedagogikk, psykologi og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo, samt forfattarstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark. I 1998 fikk Trude Marstein Tarjei Vesaas' debutantpris for prosasamlinga Sterk sult, plutselig kvalme.

Seinare har Trude Marstein utgitt romaner, essays og ei barnebok, og ho har fått fleire prisar for sin forfattarskap. For romanen Gjøre godt fekk ho Kritikarprisen i 2006, og i talen til prisvinnarne sa kritikerlagets Margunn Vikingstad at: "Marsteins skarpe blikk og upretensiøse forteljarrøyst er en særskilt kvalitet i den allereie etablerte forfattarskapen hennar."

Skjønnlitterære utgivelser
Hjem til meg. Roman 2012
Ingenting å angre på. Roman 2009
Gjøre godt. Roman 2006
Konstruksjon og inderlighet. Essays 2004
Elin og Hans. Roman 2002 (Oktober)
Plutselig høre noen åpne en dør. Roman 2000 (Oktober)
Happy Birthday. Barnebok 2000 (Aschehoug)
Sterk sult, plutselig kvalme. Fortelling, 1998 (Oktober)

I haust er Marstein aktuell med ny roman: Hjem til meg, som handlar om den notorisk utru legen Ove. Han er gift og har tre barn, han vil ikkje nokon noko vondt, men klarer ikkje la vere å by på seg sjølv. Han er utru når han er 33 og er framleis på kvinnejakt når han har passert 60. Han glir frå forhold til forhold, frå kvinne til kvinne, frå den gode, kloke, stabile Wenche til den kjenslevare skodespelaren Marion og vidare til fleire, og yngre, kvinner. Og kvar gong er det alvor. Kvar gong ser han muligheiter. Kvar gong trur han at ingen skal sitte forsmådde tilbake.
 


Marstein jobber og som oversetjar.

Marstein-Trude