TOR ARVE RØSSLAND

Tor Arve Røssland (fødd 1971) skriv bøker for både barn, unge og vaksne, og er kanskje mest kjent for dei humoristiske bøkene om Pode og grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda.

Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013. I 2014 kgav han ut Soledad og Snatch. Røssland seier om sine eigne bøker at han vil unngå å moralisere og undervise barna. Han fortel dei historier som både tøyer naturlover og realisme generelt, og han liker å lura lesarane med vridningar i historiane. Den siste boka til Røssland heiter Glimt og er ei ungdomsbok som vart nominert til u-prisen 2016. 
  
Røssland veks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os. Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap, litteraturvitskap og mediepedagogikk.

 

Tidligere program

TOR ARVE RØSSLAND

Katalog 2018

 

Katalog 2018