TONE ALMHJELL

Tone Kristine Ohrvik Almhjell (fødd 19. august 1973) er ein norsk barnebokforfattar innan fantasy-sjangeren, tidlegare journalist. 

Ho vaks opp i Kristiansund og Trøndelag, men har seinare busett seg i Oslo. Almhjell har master i engelsk litteratur frå Universitetet i Oslo. Hovudoppgåva handla om Ringenes herre av Tolkien. 
Ho har òg studert ved Universitetet i Liverpool. Derifrå har ho ein master i Science Fiction. Hun arbeidde fem år i Adresseavisen før ho i 2006 braut opp frå journalistyrket og valte å satse på bokskrivinga. 

Debutboka hennar vart skriven for den engelskspråklege marknaden, og fekk tittelen «The Twistrose Key». Dial Books, ein del av Penguin-forlaget, kjøpte til slutt rettigheitene både til debutbok og ei bok til. Den vart seld til ti land før den vart gitt ut. Debutboka vart omsett til norsk av forfattaren og hennar søster, og gitt ut på Gyldendal. Her fekk den tittelen «Vindeltorn» (2013). Oppfølgaren «Maretorn» kom i 2016.

Program 2017

TONE ALMHJELL

Katalog 2017

 

Katalog 2017