THURE ERIK LUND

Thure Erik Lund (fødd 1959) er ein prislønna norsk forfattar. Han debuterte i 1992 med romanen Tanger, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Hans neste bok, Leiegården" (1994), vart norsk vinnar i den skandinaviske konkurransen om beste samtidsroman.

Seinare bøker har befesta Lund sin posisjon som ein samtidas mest nyskapande forfattarar. Lund fekk Sultprisen for Grøftetildragelsesmysteriet (1999), den første boka om Thomas Myrbråten. Elvestengfolket (2003) vart motteke med fantastiske meldingar, og fjerde og avsluttande bok i romansyklusen, Uranophilia, vart lønna med Natt&Dags Osloprisen 2005 for Årets bok og Kritikerprisen 2005.

Thure Erik Lund har óg gitt ut fleire essaysamlingar: Om naturen (2000), Forgreininger (2003) og Om de nye norske byene (2006). I 2009 fekk han Doblougprisen og Aschehougprisen.
 
I år kom endeleg ny roman frå Lund; Identitet. Her smeltar liv og skrift, litteratur og landbruk saman i ein einaste tekstmasse. Kor utspekulert er skrifta? Og er det eigentleg så stor forskjell på småbrukartilværet og skriving? Identitet, tja. Kva er det?
 

Program 2017

Tidligere program

THURE ERIK LUND

Katalog 2017

 

Katalog 2017