THEA HJELMELAND

Thea Hjelmeland er ein norsk vokalist og multi-instrumentalist. Ho spelar ei rekkje instrument; gitarar, banjo, mandolin, harpe, charango, piano, perkusjon m.m. I tillegg til sin eigen artistkarriere komponerer ho musikk for teater, film og danseforestillingar.

Ho platedebuterte med albumet Oh, The Third.. i 2012. I 2014 gav ho ut Solar Plexus, ei folk-pop plate med sterke røter i verdsmusikken. For albumet vart ho nominert til Spellemannprisen 2014 i klassen INDIE og Tekstforfattar, og fekk prisen for beste INDIE album.

I 2014 arrangerte og fremførde ho musikken til teaterstykket Sånne som oss på Den Nationale Scene. Stykket vart skrive av Frode Grytten og baserte seg på musikk av John Olav Nilsen.

Ho har bidrege på Lars Vaular sitt album Helt om natten, helt om dagen (2010) og Du betyr meg (2011), og har samarbeidd med m.a. Kringkastingsorkestret (KORK), Karl Seglem, Melissa Laveaux (CA/FR), Hugh Coltman (UK/FR) og Good Time Charlie.

Hjelmeland har samarbeidd og komponert for det cubanske dansekompaniet for moderne dans; DANZA Contemporanea (2014) for Ibsen Festivalen i Havana, Cuba.

I 2015 var ho filmkomponist for den norske spillefilmen HEVN med regissør Kjersti Steinsbø. Same år debuterte ho som teaterkomponist og skodespelar på Sogn og Fjordane Teater med teateroppsetting og ny-dramatiseringa av Bryjulf Jung Tjønn sin Brageprisvinnande ungdomsroman Så Vakker Du Er.

Ho fekk i 2014 NRK Sogn og Fjordanes Luttprisen (årets artist i Sogn og Fjordane) og Kulturprisen til Førde kommune, og i 2015 fekk ho Vossajazzprisen frå Vossajazz og Hordaland fylkeskommune.
 
 

Tidligere program

THEA HJELMELAND
Foto: Vegars Fimland

Katalog 2018

 

Katalog 2018