TERJE TVEDT

 Terje Tvedt (fødd 1951) er ein norsk professor, forfattar og filmskapar. Tvedt er utdanna historikar og er professor i statsvitskap frå Universitetet i Oslo og professor ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen.
 
Tvedt har skrive fleire bøker om norsk samtidshistorie, særlig om norsk idé- og ideologihistorie, m.a. bøker som (ml), om norsk tredje verden-ideologi og ungdomsopprørets verdensbilder og selvbilder (1989), Bilder av «de andre». Om utviklingslandene i bistandsepoken (1990) om norske dominerande oppfattingar av «den andre» i det som kallast bistandsepoken i norsk historie og Verdensbilder og selvbilder. En humanitær stormakts intellektuelle historie (2001) om norsk intellektuell historie i den perioden då deler av den politiske eliten freista gjere Noreg til ein humanitær stormakt.
 
Hans andre forskingsfelt har vore å skildra og analysera framveksten av det internasjonale bistandssystemet, i verda og i Noreg. Han har arbeidd med, og utvikla omgrep som «the international aid system», det nasjonale godheitsregimet, elitesirkulasjon, nasjonalkorporativisme m.m.

Det tredje og mest sentrale området er forsking knytt til forhold mellom samfunn og vatn. Tvedt er serieredaktør for 9-bandsverket A History of Water (2006-2010-2015). Han står og bak ei rekkje bøker om Nildalen si moderne historie. Tvedt står bak fjernsynsseriane En reise i vannets historie (1997) og En reise i vannets fremtid (2007), og Kampen om Nilen (2014).
 
Han har vore med på å laga fleire dokumentarfilmar om norske møte med den ikkje-europeiske verda og norsk utanrikspolitikk og bistandspolitikk, den siste De gode bombene (2013).
 
Tvedt har mottatt fleire prisar for sine filmar og bøker: Norges forskningsråds formidlingspris i 2006, Fritt Ord-prisen i 2007 og Gullruten i 2008.
 

Tidligere program

TERJE TVEDT
Foto: UiB

Katalog 2018

 

Katalog 2018