SIRI AMALIE OFTESTAD

Siri Amalie Oftestad (1976) er ein norsk poet busett i Oslo.
 
Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga De andre sirkler, og sidan har ho gitt ut Åndene møstret henne (2008), Store, ferske hjerter (2013) og nyleg Soloppgang i nord (2018). Soloppgang i nord tematiserer eit diktatorisk regime som kan minne om Nord-Korea, og har fått svært gode kritikkar.
 
Oftestad er skulebibliotekar. Ho har gått på forfatterlinja på Heimly folkehøgskole, har ein bachelor i litteraturvitskap og har gått eit år på Oslo tegne- og maleskole.
Ho har opptredd nokre gonger med musikar Karl Seglem med jazz og poesi.

SIRI AMALIE OFTESTAD
Foto: Foto: Pernille Marie Walvik

Katalog 2018

 

Katalog 2018