SELMA LØNNING AARØ

Selma Lønning Aarø vart fødd i 1972 og kjem frå Stord. Ho debuterte i 1995 med Den endelige historien, som vann Cappelens konkurranse for beste debutroman. Aarø har gitt ut ei rekkje bøker i ulike sjangrar, og har skrive både for vaksne og barn.

Aarø har og redigert tre årgangar av Cappelens debutantantologi Signaler – alle med Nils-Øivind Haagensen som medredaktør.
 
Etter debuten gav ho ut Spekulum (1996), Bebudelse (1999) og Vill ni åka mera? (2003). Sistnemnde vert av mange rekna som Aarøs gjennombrot som forfattar. For denne romanen vart ho nominert til Brageprisen.

En rekke avbrutte forsøk (2007) er ei bok om kva og korleis ein hugsar, ein oppvekstroman frå 80-talet og eit aldri så lite familiedrama og ein parodi over bruken av sjølvbiografisk stoff. Venstre hånd over høyre skulder (2008) er ein roman om m.a. kjærleik og smerte – skriven med både humor og alvor. Romanen Vekevis (2010) er tilrettelagt for lesesvake vaksne.

Aarø har og gitt ut barnebøker, m.a Vampyrlus! (2012) og Reidar og den store magen (2007), og ytt tekstar til ulike ungdomsantologiar.  

I 2013 kom Jeg kommer snart, som raskt fekk tilnamnet «Orgasmeromanen».

Selma Lønning Aarø har i ei årrekkje vore spaltist i m.a. Dagladet, Klassekampen og Bergens Tidende. Fleire av reportasjane hennar er gitt ut samla, m.a. Stormfulle høyder (2005) og Scener fra et ekteskap (2003). Selma er kjend for sin sjølvironiske og humoristiske stil, både i bøkene og som spaltist.

Tidligere program

SELMA LØNNING AARØ

Katalog 2018

 

Katalog 2018