RUNE ERAKER

Rune Eraker (f.1961) har i 30 år jobba som uavhengig dokumentar- og kunstfotograf. Han
har bak seg ei rekkje separatutstilingar (m.a. Nasjonalmuseet for Fotografi i Portugal, CPF 2019, Museum of Contemporary Art i Krakow (MOCAK), Stenersenmuseet,Trondheim Kunstmuseum, Nobels Fredssenter og Sørlandets Kunstmuseum), og har publiseringar i inn- og utland. Han har gitt ut fleire fotobøker, er redaktør i Norwegian Journal of Photography (NJP) og var kurator i European Photo Exhibition Award (EPEA) 2011-17, for å nemne noko av hans arbeid. Han er medlem av Forbundet Frie Fotografer.

Eraker er årets symposieutstillar, med utstillinga "Det blinde øyet". 
RUNE ERAKER
Foto: Ellen Lande Gossner