RANNVEIG DJØNNE

Rannveig Djønne (fødd  1974) er ein norsk folkemusikar frå Djønno i Ullensvang, der ho no er busett. Djønne spelar toradar og er utdanna frå Ole Bull Akademiet på Voss. Ho arbeidar som komponist, utøvar og underviser, i både inn- og utland.

Ho gav ut den fyrste CD-plata si i desember 2008, på sitt eige plateselskap: «Djønno Records». Plata heiter Spelferd heim - slåttar frå Hardanger og Voss på durspel, der ho har med seg eit rekkje framifrå musikarar. Det vert spelt slåttar etter mellom andre Nils Tjoflot, men òg musikk Djønne har skrive sjølv. Plata fekk mykje merksemd og god kritikk.

Djønne er aktiv både som solist og i samspel med andre, m.a i duo med Annlaug Børsheim. Saman har dei to gitt ut plata Toras Dans – populærmusikk frå Hardanger (2012).  

Ho fekk Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend innan kategorien "lyd" i 2011. Juryen framheva hennar virke som komponist.

I 2011 vart ho invitert av kyrkja i Ullensvang til å komponera ny kyrkjemusikk basert på tradisjonell musikk. “Folkemusikkmesse frå Hardanger” vert no regelmessig framførd i Hardanger og andre stader, og har tatt instrument som tidlegare var bannlyst frå kyrkja inn i dei heilage rommet.

 

Tidligere program

RANNVEIG DJØNNE
Foto: Knut Utler

Katalog 2018

 

Katalog 2018