POING

Trioen POING består av Frode Haltli (akkordeon), Rolf-Erik Nystrøm (saxofon) og Håkon Thelin (kontrabass). Trioen blei danna sommaren 1999, og har sidan urframført over 50 verk av norske, europeiske, amerikanske og asiatiske komponistar. POING blei i 2009 kåra til "Årets utøver" av Norsk komponistforening.

POING framfører hovudsakleg verker skrevet spesielt for dei, særleg av komponistar frå sin eigen generasjon. Dette er komponistar som lagar musikk på tvers av sjangrar, men ofte med det eine beinet plassert i modernistisk tradisjon.

Dei seinere åra har POING samarbeida med nokon av vår tids mest anerkjende komponistar, m.a. Michael Finnissy, Rolf Wallin, Volker Heyn og Richard Barrett. I arbeidet med ny musikk bryter POING grenser for interpretasjon, samspill og formidling av samtidsmusikken. Ensemblet samarbeider tett med komponistane i komponeringsfasen, dei skyr ikkje komplekse partitur og søker å nå ut til eit større publikum enn det etablerte klassiske miljøet. POING jobbar og med improvisasjon, og kombinerer gjerne sine akustiske instrumenter med elektronikk.

POING turnererer verda over på klubber, konsertsteder og festivalar. 

UNder Litteratursymposiet forener POING og Maja SK Ratkje krefter og maner til oppvåkning med konserten “Wach auf!” Med improvisasjoner, samspill og originale arrangementer blir revolusjonær musikk av m.a. Hans Eisler og Kurt Weill til brennhet, aktuelle stykker som både kommenterer og feirer folkets kamp for frihet gjennom alle tider.

Tidligere program

POING
Foto: Kai Miedendorp

Katalog 2018

 

Katalog 2018