OPEN WINDOW THEATRE


Open Window Theatre er eit figurteater-kompani som held til i Bergen.

Open Window Theatre er eit samarbeidsprosjekt som inviterer kunstnarar frå ulike land til å skape fleirkulturelle, tverrfaglege framsyningar for barn og vaksne. Det er mange måtar å lage teater på, og Open Window Theatre hentar inspirasjon frå ulike kjelder, inkludert spelestilar frå Wrocław Form Theatre, der lydspor og visuelle effektar står sentralt, og ved å ta i bruk dukketeater, satire og dans.

Dei vil hjelpe publikum å dykke ned i eigen fantasi og kreativitet, noko som så ofte blir skuve til sides av hensyn til kvardagens kjas og mas. Dei stimulerer ved hjelp av uventa emner, overraskande formuttrykk og utfordrar med dukketeater og pantomimeartistar som gjer framsyninga mangslungen.

Dominika Minkacz-Sira er grunnleggjaren av Open Window Theatre, kor ho no er kunstnerisk leiar, skodespelar og dukkeførar. Ho har ei master frå teaterhøgskolen AST, i Polen. Ho har erfaring både som skodespelar i ei rekkje stykker, blant anna på Den Nationale Scene. Ved sida av skodespel og arbeidet som kunstnarisk leiar, har ho også halde workshops i dukkeføring og figurteater, samt vore rettleiar for andre teaterkompani.
 

Program 2019

OPEN WINDOW THEATRE
Foto: Open window theater