OLAV LØKKEN REISOP

Olav Løkken Reisop (fødd 1980) er ein norsk forfattar og skribent. Han kjem frå Kløfta, er utdanna arkitekt og litteraturvitar.

Reisop debuterte i 2011 med boka Pastisj, der han diktar videre på figurar, scener og motiv frå ulike delar av samtidskulturen: Forfattaren Dag leitar etter slangeskinnssko i Berlin. Filmregissøren Woody blir forsøkt hypnotisert av ein pågåande dansk kollega. Biletkunstnaren Bjarne flyktar inn i ei trong bod når omverda vert for trugande. Mens Norges kanskje største kjendis, Jonas Wergeland, forgrip seg på ein forvirra student langt ute i Nordishavet.

Reisop har og markert seg som skribent i ulike aviser og tidsskift, og med spalta "Reisop hvis du vil..." på Flamme forlag sin nettstad.
 

Tidligere program

OLAV LØKKEN REISOP

Katalog 2018

 

Katalog 2018