ODDLEIV APNESETH

Oddleiv Apneseth (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 og 2005, samt fleire andre norske presseprisar.

Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen i 2000 og 2001 og har medverka i 15 ulike bøker, mellom anna Jølster, Tvisynt tvilar. Eit portrett av Oddvar Torsheim og Det fleirspråklege Noreg. Saman med Eva Røyrane har han tidlegare gjeve ut salssuksessen Norges låver og Av stein. I år er radarparet aktuelle med boka Klyngetunet - Den norske landsbyen. 
ODDLEIV APNESETH
Foto: Brit Aksnes

Katalog 2018

 

Katalog 2018