MICROBANDET

 
Microbandet består av Kjersti Døssland (Yamaha-synth) og Brit Aksnes (gitar) som i nesten ti år har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med radbrekking/forbetring av andre sine låtar.

Under mottoet ”ingen forventningar” innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo. Som alle seriøse microband, spelar dei helst på etablissement der bingo er eit naturleg element, men har dei siste par åra gjort skam på dette ved å opptre på ymse litteraturfestivalar. I tillegg det vanlege repertoaret (ei blanding av Britney Spears, Vassendgutane og Ivar Medaas) kjem det muligens eit og anna litterært drypp. Ingen veit kor micro-haren hoppar.
MICROBANDET
Foto: Per Finne

Katalog 2018

 

Katalog 2018