ANNLAUG BØRSHEIM
ELISE WINTERTHUN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
HENNING H. BERGSVÅG
HILDE SANDVIK
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS M. JOHANSSON
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI ANNESDATTER SKOMSVOLD
LARS OVE SELJESTAD
LINN STALSBERG
MARIT EIKEMO
MARTHE VALLE
NINA LYKKE
NINA NÆSHEIM
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIGRID AGNETHE HANSEN
TERJE TORKILDSEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 8-10 Oktober

Littsymp2019_poster

MERETE RØSVIK GRANLUND

Merete Røsvik Granlund (fødd 1973, frå Godøy utanfor Ålesund) er litteraturvitar og kritikar.

Ho skriv fast i Dag og Tid, Bokvennen Litterære Avis (BLA), Prosa og på Littkritikk.no.

Granlund har studert sosiologi, psykologi, pedagogikk og litteraturvitskap, med hovudfag i litteraturvitskap: «Fragment – forgjengelighet. Søk etter mening i Ett blyertsstreck av Gunnar Björling».

Ho hadde sin første litteraturvitskaplege artikkel på trykk i Bøygen i 1997 og debuterte som bokmeldar same stad i 2000. I februar 2001 byrja ho å melde bøker i Vårt Land. Eit intermesso som forlagsredaktør i Andresen & Butenschøn gjorde at ho la vekk pennen nokre år, men i 2005 byrja ho skrive i Dag og Tid.

Granlund har hatt diverse verv og oppdrag for Norsk kritikerlag. Ho fekk Statens arbeidsstipend i 2015 og Fritt Ords kritikarstipend i 2016.
Merete2