MARTA BREEN

Marta Breen (fødd 1976) er journalist, samfunnsdebattant og forfattar. Ho har bakgrunn frå m.a. Dagbladet, NRK, KK og RadiOrakel. 

I 2006 debuterte ho som forfattar med boka «Piker, vin og sang – 50 år med kvinner i norsk pop og rock». Ho har sidan gitt ut fleire bøker, dei fleste om kvinnehistorie og feminisme:
«Radka Toneff – Hennes korte liv og store stemme» (2008), «Rosa streker, røde tall. Jakten på hva som feiler verdens beste helsevesen» (2011) og «Født feminist: hele Norge baker ikke» (2014).

I 2015 gav ho ut smått ikoniske «F-ordet. 155 grunner til å være feminist» saman med Madeleine Schultz og Jenny Jordahl, og i 2016 gav ho og illustratør Jordahl ut «Den store Rumpefeiden» og «60 damer du skulle ha møtt: norsk kvinnehistorie for deg som har det travelt». 

Breen er styreleiar i Norsk Faglitterær Forfatter- og Oversetterforening.
 
MARTA BREEN
Foto: Morten Brun

Katalog 2016

 

Katalog 2016