MARIT JUSTINE HAUGEN

Marit Justine Haugen (fødd 1972 i Oslo) er arkitekt og biletkunstar.

Ho har 15 års erfaring som praktiserande arkitekt og med kunstprosjekt i det offentlege rom.
Ho er utdanna sivilarkitekt ved NTNU 2001, og har master frå Kunsthøgskolen i Oslo og
Kunstakademiet i Jerusalem frå 2005.

Haugen arbeider i grenselandet mellom kunst og arkitektur, og integrerer disiplinane skulptur, installasjon og landskapsforming. Arbeida er romlege inngrep og installasjonar som rettar søkjelyset mot mennesket i det offentlege rom, og mennesket i det politiske rom.
 
Saman med Dan Zohar starta ho i 2007 Haugen/Zohar Arkitekter, kor ho er dagleg leiar. Ho leier alle prosjekta deira frå idé til ferdiggjering.
 
Ho har mottatt fleire prisar for arbeid; m.a. Norsk Forms Pris for unge formgivarar, Trondheims Byggeskikkprisen, samt AR Awards for Emerging Architects frå RIBA i London.
 
 
MARIT JUSTINE HAUGEN

Katalog 2017

 

Katalog 2017