LOTTA ELSTAD

 Lotta Elstad (fødd 1982) er forfattar, journalist, aktivist, historikar og tidlegare sakprosaredaktør.

Ho har skrive for m.a. Morgenbladet, Dagens Næringsliv og Klassekampen. I fleire år har ho jobba som redaktør i Forlaget Manifest. Elstad skriv om alt frå politikk til populærkultur, sosiale forhold og verdas absurditeter.

Elstad har gitt ut ei rekkje sakprosabøker, som debutboka frå 2008: En såkalt drittjobb - ei kritikarrost dokumentarbok om forholda i hotellbransjen, og sist Den spanske sensasjonen Podemos - og hvordan gjøre venstrepopulisme i krisens tid på Manifest i vår.

Tidlegare har ho skrive romanane Ettromsleiligheten (2012) og Et eget rom (2014).

Hennar siste roman er ein feministisk satire om pengar, pupper, professorat og Pussy Riot; eit moderne, velskrive og humoristisk kammerdrama. Et eget rom tek òg opp tråden frå Wirginia Wolf og reflekterer over viktigheten av å ha eit eige rom – ein heim.

 
LOTTA ELSTAD

Katalog 2018

 

Katalog 2018