LINN STRØMSBORG

Linn Strømsborg (fødd 1986) er norsk forfattar, oppvaksen og busett i Oslo. Ho er utdanna innan litteraturformidling frå Universitetet i Oslo.

Strømsborg debuterte som romanforfattar i 2009 med Roskilde. Same år gav ho og ut boksingelen Øya. 

I 2013 kom romanen Furuset. Strømsborg vaks sjølv på Furuset og har skrive det som truleg er den første skjønnlitterære forteljinga derifrå, ein roman om ein liten stad i utkanten av ein kjempestor, om menneska som bur der, om vennskap og einsemd, om lyden av Kent gjennom for store høyretelefonar og om å ta eit skritt tilbake før du kanskje kan ta to fram.

Strømsborg jobbar som marknadskoordinator i Flamme Forlag.

Tidligere program

LINN STRØMSBORG

Katalog 2018

 

Katalog 2018