LINDIS HURUM

Lindis Hurum (43) er feltarbeider for Leger uten grenser og forfattar av boka Det finnes ingen de andre - det er bare oss.

Hurum jobba mange år i Nordisk Film, m.a som produsent for underhaldningsprogrammet Vil du bli millionær?, før hun vart naudhjelpskoordinator i Leger Uten Grenser.

Dei siste ti åra har ho vore ein sentral prosjektleiar i hjelpearbeid i både store katastrofar og gløymde kriser, frå jordskjelvet i Haiti til den borgarkrigsramma Sentralafrikanske republikk, ho har drive sjukehus for Ebolaramma i Liberia og redda båtflyktningar i Middelhavet.
 
I fjor gav ho ut boka Det finnes ingen de andre, det er bare oss. Her skriv ho nært om menneskemøte som forsterkar trua på at det ikkje handlar om «oss» og «dei», vi er alle like og alle har rett til verdigheit og livreddande legehjelp. Når ho jobbar i felt møter ho menneske det er lett å relatera seg til; menneske som føder born, forelskar seg og gifter seg, nett som oss. Ho fortel om sterke møte med andre menneske, historier som gjer at vi ser oss sjølve i dei andre.
Ho er  kjend som ein kritisk samfunnsdebattant.

Ho har ein master i Disaster Management frå Universitetet i København.

Ho vart kåret til Årets modigste kvinne av magasinet Tara i 2014 og Årets ildsjel av magasinet KK i 2015. 
 
http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/Denne-talen-holdt-jeg-for-EU-parlamentet-Dessverre-gikk-de-fleste-til-lunsj--Lindis-Hurum-i-Leger-Uten-Grenser-26853b.html

Tidligere program

LINDIS HURUM
Foto: Christian Nestler

Katalog 2018

 

Katalog 2018