LEIF HØGHAUG

Leif Høghaug er ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturvitar.

Høghaug har hovudfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og har undervist ved UiO og forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark (Bø). Han har vore redaktør i Bokvennen Forlag og har skrive for fleire aviser og tidsskrift. Høghaug debuterte som skjønnlitterære forfattar i 2012 med diktsamlinga Fama. Han har tidlegare omsett bøker til norsk og vore redaktør for fleire bøker.

Han har omsett Marx og Engels sitt verk "Det kommunistiske partis manifest".  

Høghaug er i år aktuell med diktboka Kommunion 2017. Hundre år etter den russiske revolusjonen og fem hundre år etter reformasjonen oppstår ein diktarleg tale om fråvær av fellesskap i vår tid. Er fellesskapen død? Og om så er: Er det mogleg å vekkje det opp? Leif Høghaugs andre diktbok utforskar ein idé om korleis fortidas messianisme kan verke i notida for å skape ei ny framtid.

 
LEIF HØGHAUG
Foto: Rolf M. Aagaard

Katalog 2017

 

Katalog 2017