Leander Djønne (f.1981 i Odda, bur og arbeider i Grimo Ullensvang), er biletkunstnar.
Djønne si kunstnarlege praksis bevegar seg mellom film, tekst, foto og skulptur. Kunstnarskapet beskriv konfliktar og samanhengar mellom natur og sivilisasjon og korleis mennesket inngår i dette spelet. Assosiative forbindelsar mellom lyrikk og historiske fakta frå arkeologi og industrihistorie dannar grunnlaget for mange av kunstverka. Djønne har vist arbeider gjennom soloutstillingar, gruppeutstillingar og publikasjonar nasjonalt og internasjonalt gjennom dei siste femten åra.