LAURA LINDSTEDT

Laura Lindstedt (fødd 1976) er ein finsk forfattar, busett i Helsinki. Ho debuterte i 2007 med romanen Saksen, som vart nominert til Finlandia-prisen, ein av dei mest høgthengande prisane i heimlandet. Ho fekk sitt endelege gjennombrot med romanen Oneiron i 2015, som er omsett til norsk og fekk internasjonal merksemd. Romanen, som følger sju kvinner i eit kvitt, tomt rom, i sekundane etter døden, vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris, og har blitt belønna med ei rekke andre prisar. Oneiron tyder «draum», og det ambisøse verket krinsar om spørsmål om døden, kroppsligheit, litteraturhistorie og feminisme. Boka er i ferd med å bli omsett til ei rekke fleire språk.
Lindstedt arbeider også som litteraturforskar i Helsinki, kor ho forskar på Nathalie Sarraute sin forfattarskap. Dette er første gong Lindstedt vitjar Litteratursymposiet.

 

Program 2019

LAURA LINDSTEDT