LARS AMUND VAAGE

Lars Amund Vaage (fødd 1952) debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter. Tre år seinare slo han gjennom med romanen Fager kveldssol smiler. Han har sidan skrive ei rekke særeigne romanar, noveller, skodespel, barnebøker og dikt. Han er og gjendiktar.

Han har motteke mange prisar for bøkene, mellom anna Kritikerprisen i 1995 for Rubato, og Aschehougprisen samme år, for Rubato blei han også innstilt til Nordisk Råds pris. Han har fått Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfatterskap. I 2002 fekk han P2-lyttaranes pris for romanen Kunsten å gå, i 2005 fekk han Emmausprisen for Tangentane og i 2011 fekk han Melsomprisen for Skuggen og dronninga. Romanen Syngja (2012) fekk strålande kritikkar. Vaage fekk Brageprisen, Nynorsk litteraturpris og blei nominert til Kritikerprisen for boka. I boka fortel han om livet med den autistiske dottera si. Ho er i dag 35 år og bur i eit omsorgshjem.

Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv.  Nokre av verka hans har blitt omsette til andre språk, t.d. tysk, russisk, polsk, hindi og engelsk.

I 2001 var han festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar.

Tidligere program

LARS AMUND VAAGE

Katalog 2018

 

Katalog 2018