KRAFTMUSEET

Kraftmuseet (tidlegare Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) si hovudoppgåve er å dokumentera, sikra og formidla historie knytta til vasskraftproduksjon, kraftkrevjande industri og industristaden. Museet forvaltar det nasjonale kulturminnet Tyssedal kraftanlegg, og har eit rikhaldeg arkiv, til dømes arkivet til Odda Smelteverk. Dei har hatt samarbeid med symposiet fleire gonger, og bidrar med omvisingar, arrangement og kåseri knytta til temaet for året. I år får vi morbide drypp frå arkivet, der vi kan grøsse og lære av ei farleg fortid. 

 
KRAFTMUSEET
Foto: Kraftmuseets arkiv