KNUT OLAV ÅMÅS

Knut Olav Åmås er ein norsk forfattar, filosof og redaktør. Han vart fødd i Mo i Rana, vaks opp i Odda og bur no i Oslo.

Åmås har sidan 2014 vore direktør for stiftinga Fritt Ord. I perioden 2013-2014 var han statssekretær i Kulturdepartementet.

Han har arbeidd som journalist m.a. i Bergens Tidende og Aftenposten. Han var redaktør i Universitetsforlaget i åra 1996–2001 og redaktør i tidsskriftet Samtiden i perioden 2001–06. I 2006 tok han til som debattredaktør i Aftenposten, frå 2008 vart han kultur- og debattredaktør i same avis.

Åmås har skrive og redigert ei rekkje bøker innan filosofi, idéhistorie og kjønnsforsking. Han har gitt ut fleire bøker om Ludvig Wittgenstein, og i 2004 kom Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge, som han seinare disputerte på for graden dr. philos.

Han var redaktør for den nye utgaven av Hvem er hvem (2008), same år var han og redaktør for boka Norge. En diagnose. I 2005 kom Venner for livet. Lesebok om vennskap, der han har samla og redigert tekstar om vennskap frå dei breie litterære lag, alt frå antikkens tekstar til populærkulturelle songtekstar.

Knut Olav Åmås fekk Samlagets Melsom-pris i 2005 for biografien om Olav H. Hauge. Saman med Cathrine Sandnes fekk han prisen Årets tidsskrift 2006 frå Norsk Tidsskriftforening for arbeidet med Samtiden. I 2007 vart han tildelt Den store journalistprisen.
KNUT OLAV ÅMÅS
Foto: Ilja C. Hendel

Katalog 2018

 

Katalog 2018