KNUT HAMRE

Knut Hamre er norsk hardingfelespelemann frå Granvin i Hardanger. Han byrja tidleg å lære hardingfelespel av faren Knut J. Hamre, seinare blei Anders Kjerland og Håvard Kvandal dei viktigaste læremeistarane. Hamre har vunne Landskappleiken heile sju gonger og har deltatt i ei rad samarbeidsprosjekt der poesi, teater og andre musikksjangrar har vore representerte. Han har gjort seg sterkt gjeldande som lærar i hardingfele i Hardanger sidan 1985 og har rekruttert ei rekkje framståande felespelarar: Frank Rolland, Åse Teigland, Heidrun Opedal, Benedicte Maurseth, Anlaug Børsheim, Alexander Røynstrand, Lajla Renate Buer Storli. Hamre har halde konsertar og kurs og turnert mykje i inn- og utland.
Hamre har gjeve ut fleire soloalbum, dei viktigaste er Fargespel (1994) og Ferd (2010). Saman med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss fekk Hamre Spellemannprisen for 1998 for CD-en Toneflaum i klassa for folkemusikk. Han har òg tatt i mot mange andre prisar og utmerkingar.  
 
KNUT HAMRE
Foto: Kjell Bitustøyl

Katalog 2017

 

Katalog 2017