KJARTAN FLØGSTAD

Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda og bur no i Oslo. Han debuterte med diktsamlinga "Valfart" i 1968, og er i dag ein av Noregs aller største og mest prisløna forfattarar. Romanane "Dalen Portland" og "Fyr og flamme" har begge kultstatus.

Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Fløgstad er ein aktiv kulturdebattant og essayist. På same vis som romanane demonstrerer essayistikken hans eit tvetydig forhold til norsk industrikultur på den eine sida og internasjonal kulturindustri på den andre. Han har skrive biografi om diktaren Claes Gill, reiseskildringar fra Latin-Amerika, om norske utvandrarar til Sør-Amerika, og har dessutan gjendikta latinamerikanske lyrikarar. I 2009 kom den kritikarroste romanen "Grense Jacobselv" og i 2012 gav han ut "Nordaustpassasjen", ein framtidsdystopi frå ca år 2020.

Kjartan Fløgstad var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i  1994. Han er tildelt ei rekkje prisar, blant anna Gyldendalprisen 1998 og Brageprisens heiderspris 2008, og bøkene hans er omsette til mange språk.

Årets utgjeving frå Fløgstad «Trans-Sovjet Ekspress: Reisar blant underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar». Boka er basert på Fløgstads mange reiser i Sovjetunionen, og reiser i Russland og tidlegare austblokken etter Sovjets fall. Her undersøkjer Fløgstad kva som står att av sovjetsosialismen, 100 år etter den russiske revolusjon, og Fløgstad ser på arkitektur som uttrykk for politikk og ideologi i det revolusjonære Sovjetsamfunnet. 
KJARTAN FLØGSTAD

Katalog 2017

 

Katalog 2017