KARL SEGLEM

Karl Seglem (fødd 1961 på Årdalstangen) er ein norsk musikar (saksofon og bukkehorn), komponist og plateprodusent, kjent frå ei rekkje innspelingar med jazz og folkemusikk i kombinasjon, samt for å leie sitt eige plateselskap NorCD sidan 1991.

Jazzjournalistane Stuart Nicholson (UK) og Terje Mosnes (N) har begge poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte som Karl Seglem. Han har utvikla sitt eige univers, har lykkast i å forma eit særpreg han er åleine om, og han går stadig nye vegar. Seglems musikk ligg i grenselandet mellom det tradisjonelle og det moderne. CD-tetralogien «FEMSTEIN», «URBS», «OSSICLES» og NORSKjazz.no høyrleggjer dette.

Dei siste åra har Karl Seglem vore svært aktiv på scener og i studio og gjennomført fleire prestisjeprega oppdrag som tingingsverk til Vossa Jazz (2012), deltaking i fleire nye konsertkonstellasjonar, samt TV-eksponering gjennom programmet folk:LAB, film-musikk til Per Fuggeli-film m.meir. Han mottok norsk jazz høgste utmerking Buddyprisen i 2010.

Karl Seglem er også i 2013 del av Norwegian Jazz Launch i regi av Utenriksdep. Rikskonsertene og Norsk Jazzforum. Ei ordning som skal opna muligheitar for fleire konsertar i utlandet.

Tidligere program

KARL SEGLEM

Katalog 2018

 

Katalog 2018