JØRN LIER HORST

Jørn Lier Horst (fødd 1970 i Bamble) er ein norsk kriminalforfattar og dramatikar busett i Stavern. 

Med sine bøker om politiførstebetjent William Wisting er Jørn Lier Horst ein av dei fremste krimforfattarane i Norden. Han har bakgrunn som etterforskingsleiar i politiet og kjenner godt til både miljøet og metodane han skriv om.
Debutboka «Nøkkelvitnet» (2004) er basert på det uoppklarte drapet på pensjonisten Ronald Ramm i Larvik i 1995. Boka var den første i ein serie om politimannen Wisting. Horst sine bøker er omsett til fleire språk og han er ein av landets mestselgjande forfattarar.
Fram til september 2013 arbeidde han som etterforskingsleiar i Vestfold politidistrikt, men er i dag fulltids forfattar. I tillegg til spesialistutdanning i politiet, har han studert kriminologi, filosofi og psykologi. Horst er også nytta som ekspertkommentator for VG i kriminalsaker.
Som dramatiker har han skrive fleire familieforestillingar for Teater Ibsen. 

I 2012 debuterte han med si første krimbok for ungdom i spenningsserien CLUE. I 2013 kom dei første bøkene i serien om Detektivbyrå nr. 2, som er svært populær blant yngre barn. I forfattarskapen inngår óg ei rekkje kriminalnoveller.
 

Program 2017

JØRN LIER HORST
Foto: Dag G. Nordsveen

Katalog 2017

 

Katalog 2017