INGVARD WILHELMSEN

Ingvard Wilhelmsen (fødd 1949) er ein norsk lege og professor med hypokondri som spesialfelt. Wilhelmsen tok medisinsk embetseksamen ved Univeristetet i Bergen i 1976. Han er spesialist i indremedisin, fordøyelsesjukdomar og psykiatri. Han har arbeidd som overlege ved Psykiatrisk Klinikk, Haukeland Sykehus. Sidan 1995 har han drive Norges einaste klinikk for hypokondarar, som ein seksjon av Medisinsk Poliklinikk ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.

Wilhelmsen har i fleire perioder vore med i styret i Norsk Forening for Kognitiv Terapi og er medlem av Academy of Cognitive Theraphy.

Ingvard Wilhelmsen har gitt ut fleire populærvitskapelege bøker, som alle på ulikt vis omhandlar anvendt kognitiv terapi. Han er mykje brukt som foredragshaldar i faglege og andre fora.

Tidligere program

INGVARD WILHELMSEN

Katalog 2018

 

Katalog 2018