HELGA FLATLAND

Helga Flatland er fødd 1984 i Flatdal.

Flatland har bachelorgrad i Nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo og har tatt treårig utdanning på tekstforfattarlinja på Westerdals School of Communication.

Ho brakdebuterte i 2010 med romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må. For denne vart ho tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris, Ungdommens kritikerpris, Aschehougs debutantstipend, og ho vart nominert til P2-lytternes romanpris. Dette var første bok i det som skulle bli ein trilogi om ei Telemarksbygd som mistar tre unge gutar i krigen i Afghanistan. Framhaldet kom i Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011), og Det finnes ingen helhet (2013).

Helga Flatland vert rekna blant dei fremste av dei unge norske forfattarane.

Tidligere program

HELGA FLATLAND