HEIDI TORKILDSON RYSTE

Heidi Torkildson Ryste (fødd 1979) er frilansjournalist og forfattar frå Førde, busett i Vesterålen med mann frå Hardanger og to barn.

Ho jobba fast for Bergens Tidende i nesten ti år innafor krim, nett og politikk. Etter at ho  fekk kreft i februar 2015 starta ho opp bloggen «HeiaHeidi», der innlegget «Sommerkroppen 2015» fekk stor merksemd.

Hausten 2016 kom boka Heiaheidi ut. Her fortel ho om det første året etter kreftdiagnosen. Opent delar ho sine erfaringar rundt det å få ein så tabubelagt diagnose som tarmkreft og korleis det har vore å handtere dei fysiske og psykiske belastningane ved sjukdomen.

Boka er full av gode råd til andre som vert ramma av kreft og deira næraste. Korleis fortelje om alvorleg sjukdom til små barn? Korleis fungerer samlivet når kroppen endrar seg? Kva skal ein seie til vener og familie? Ryste tek opp dei tema ein som frisk ikkje tenker på, men som vert påtrengande når ein vert sjuk. Samstundes syner ho at livsgleda og lyspunkta kan vere minst like store og intense med alvorleg sjukdom som når ein er frisk.

Ryste har tidlegare jobba som journalist for m.a. Firda og vore nyheitsredaktør i Studvest. Ho har bakgrunn som statsvitar og har studert kinesisk i fleire år, mellom anna ved Fudan University i Shanghai. Ved sida av skriveprosjekt, jobbar ho som sakshandsamar i Vesterålen tingrett og held på med ein master i risiko- og sikkerhetsleiing (krisehandtering) ved Universitetet i Stavanger.
HEIDI TORKILDSON RYSTE
Foto: Anniken C. Mohr

Katalog 2018

 

Katalog 2018