HALLGEIR OPEDAL

Hallgeir Opedal (fødd i 1965 på Kongsberg) er ein journalist og forfattar frå Odda.

Han byrja som journalist i Hardanger Folkeblad i 1986, og har arbeidd i Haugesunds Avis, VG og i NRK. I 19 år skreiv han i Dagbladet. Opedal har fått ry som portrettjournalist, og held foredrag i denne sjangeren.

Dei siste åra har han vore knytt til produksjonsselskapet Monkberry. Han har så langt fått to priser: Hestenes-prisen og NTB sin språkpris.

Opedal har skrive fleire bøker for både born og vaksne: Romanen Jøss kom ut i 2004 og biografien til Magnus Carlsen i 2011/2013. Barneboka Flekkmonsteret bygger harefelle (2004), laga han saman med sonen Vetle.  

Dei siste åra har han laga BokPod, der han intervjuar landets fremste forfattarar om skriving, teknikk, arbeidsmetodar, rutinar, tankar kring det å vere forfattar.
 

Tidligere program

HALLGEIR OPEDAL
Foto: Agnete Brun

Katalog 2018

 

Katalog 2018